Roma har Petersplassen, Oslo har Alexander Kiellands plass. Og Vinstra har Lukasz Rybas plass

"På ein stein på parkeringsplassen på Vinstra handelspark er det festa ein bronsefarga plakett. På den står det å lese Lukasz Rybas plass. Men kven er denne Lukasz Ryba som har oppnådd det ingen annan har klart før i byen, nemleg å få oppattkalt ein plass etter seg?

– Lukasz har vore sentral i bygginga av Vinstra handelspark. Han har vore bas for betongarbeid, stålarbeid og heile råbygget. Han har gjort ein kjempejobb. Utan han hadde det ikkje vorte nokon Vinstra handelspark slår Per Tore Teksum, utbyggaren bak næringsbygget fast."