Byggjer 400-500 nye hytter

Eigedomsselskapet Solrikt har inngått avtale med Vrådal Panorama, og overtar utbygginga av hytter ved skianlegget. I fyrste omgang skal dei setje opp 400 - 500 hytter i området rundt anlegget.

 Inngår samarbeidsavtale: Vrådalsfjellet AS overtar utbygginga av hytter ved Vrådal Panorama. Frå venstre: Frode Flåm, Per Tore Teksum, Andreas Wiik, Mads Nordnes frå Vrådalsfjellet AS, ordførar Tarjei Gjelstad og Petter Johnsen frå Vrådal Panorama.

Inngår samarbeidsavtale: Vrådalsfjellet AS overtar utbygginga av hytter ved Vrådal Panorama. Frå venstre: Frode Flåm, Per Tore Teksum, Andreas Wiik, Mads Nordnes frå Vrådalsfjellet AS, ordførar Tarjei Gjelstad og Petter Johnsen frå Vrådal Panorama.

– Me har leita etter ein samarbeidspartnar innanfor eigedomsutvikling ei stund, og er veldig fornøgde med denne avtala, seier leiar av Vrådal Panorama, Petter Johnsen.

Mellom 400 og 500 tomter er alt godkjente for utbygging, og Johnsen fortel at det blir godt med nye, friske krefter for å halde fram utviklinga.

Såg på tomt

Det er eigedomsselskapet Solrikt som har inngått avtala, og namnet på utbyggaren er Vrådalsfjellet AS. Selskapet driv med eigedomsutvikling og har bustadprosjekt rundt om i landet, men dette er det fyrste prosjektet der dei sett opp fritidsbustadar.

– Det blir både krevjande og spennande. Nå vil me lære denne marknaden å kjenne, og me ønskjer å vende oss mot marknaden både i Noreg og Nord-Europa. Dei fyrste kundane frå Tyskland er alt på plass, seier Per Tore Teksum, styremedlem i Vrådalsfjellet AS.

 Dagleg leiar, Frode Flåm, har familie i Vrådal, og besøkte bygda då han var liten, men det var mange år sidan førre besøk, før han tok ein tur i august. Då reiste han til Vrådal for å sjå på ei tomt ein venn av han skulle selje på toppen av Vrådal Panorama. Flåm kom i prat med Johnsen, og snøballen byrja å rulle. Partane har hatt møte gjennom hausten, og på nyåret signerte dei avtala.

– Du skal ha takk, Petter. Eg har aldri vore borti ein slik tillit som den me har fått av Petter, og eg har trass alt vore i bransjen nokre år, seier Teksum.

– Det står stor respekt av det de har gjort før, seier Johnsen.

Stor dag

Drifta av skianlegget blir som før, men dei to aktørane er i stor grad avhengig av kvarandre for å lykkast. Alt i november byrja bygginga, og nå håpar dei på godt samarbeid med lokale aktørar.

– Me har alt hatt eit veldig positivt og hyggeleg møte med kommunen. Me ønskjer å bruke lokale aktørar, og håpar dei vil vise seg fram. Det er også god økonomi i å nytte lokale krefter, seier Flåm, som kjem til å bruke mykje tid i Vrådal framover.

– Det var ein stor dag då avtala blei signert. Det er veldig bra at de valde Vrådal når de nå vil satse på fritidsmarknaden, og at de ser at det er moglegheiter her, seier ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad.
— Teksten er hentet fra Vest-Telemark blad, 26.01.18, av Kari Smeland.