Historien om Fåvang og to gamle gubber

Det har vært mye skriving i lokaleavisene om opprustning av Fåvang, konkurs og opphørssalg, bedrifter som forsvinner, og sist men ikke minst, to gamle gubber som ønsker å få det til.

Vi skal bevise at to gamle gubber kan få til en positiv utvikling på Fåvang, gliser investorene Per Tore Teksum og Åge Stenumgård.

Per Tore og Åge fokus med høye ambisjoner om å løfte Fåvang med nye bygg og statsninger. Fra før har de etablert Kiwi på Fåvang, samt rustet opp det gamle Ysteriet, flere leilighetsbygg og forskjønnelse av uteområdene. Her er et oversiktskart over Fåvang Sentrum og hvilke områder som har blitt utviklet fra 2016 til i dag.

De røde, gule og blå boksene er områder hvor Åge og Per Tore har vært involverte. De svarte er kommunale områder.

De røde, gule og blå boksene er områder hvor Åge og Per Tore har vært involverte. De svarte er kommunale områder.

Forholdet mellom bygda Fåvang og det som skjer i fjellet er uutnyttet. I Kvitfjell satses det som aldri før. Vi mener klart det er et marked for satsing i dette området. Fåvang er også ett av få sentrum som ligger så tett inntil E6

Sitatene er hentet fra dagens GD-artikkel, trykk her for å lese hele artikkelen. (Kun for abonnenter).

Skarpsno inntar Fåvang

Skarpsno er i full gang med å bygge ny Kiwi butikk på Fåvang.

Fåvang

Her er hva Dølen skriver om satsningern 7. mars 2017:

 

Kiwi til Fåvang

André Stenumgård, Per Tore Teksum, regionsjef i Kiwi Espen Madsen, Åge Stenumgård og Arne Fossmo og med begeistring over planane som er landa tysdag.

Lokale investorar:

Fåvang illustrasjonsfoto

Gravemaskinane startar så smått neste veke, når Fjøssystemereigarar Åge og André Stenumgård, saman med Per Tore Teksum investerer i bygging av nye forretningslokale i Fåvang sentrum.

Fåvang illustrasjonsfoto

Planane vart lagt fram på ein pressekonferanse i Ringebu tysdag ettermiddag.  Det nystifta selskapet Skarpsno Stenumgård AS skal ha nøkkelferdig bygg klart til Kiwi til utgangen av september.

Masing førte fram

Etter eit halvt år med kontakt mellom partane og kommunen, med korta svært tett inntil bringa, var det ein svært nøgd ordførar som kunne presentere næringsetableringa for pressa.

Handsaming av byggeplanane kjem etter signala frå ordførar Arne Fossmo og utvalsleiar i UPT Amund Sønsteli, til å bli lagt fram for politisk handsaming på møte om ei og ei halv veke.

Det 1300 kvadratmeter store bygget skal huse ein fullskala daglegvarehandel, og blir oppført på tomta mellom Tromsvang og Coop Prix i Fåvang, ei tomt Åge Stenumgård tidlegare har sikra seg med tanke på utvikling i Fåvang.

Per Tore Teksum med investeringsselskapet Skarpsno AS, har nyleg investert stort på Vinstra og Lomoen. I følge Teksum kjem resultata på Fåvang, for ein stor del som resultat av Åge Stenumgård si "masing".

- Og når eg seier masing, så meiner eg masing, seier han tysdag, og legg til at han sjølv i sin tur har "masa" på Norgesgruppen og Kiwi om ei avgjerd om etableringa.

- Det var ikkje så stor entusiasme frå Kiwi i starten, men med eit spleiselag for å få dette til, med kommunen som pådrivar, Åge som entusiast og ei stødig jobbing i Norgesgruppen er det nå på plass, seier Teksum, som ikkje vil seie noko om dei økonomiske rammene i prosjektet.

Tjue arbeidsplassar

Opning av den nye forretninga vil etter planen skje i midten av oktober, og regionsjef for Kiwi Espen Madsen antydar 20 arbeidsplassar i forretninga.

- For Norgesgruppen og Kiwi er dette ei marginal etablering, og den kjem kanskje fyrst og fremst på plass fordi vi ser moglegheitene som ligg framover, spesielt med utviklinga i Kvitfjell og hyttemarknaden i Ringebu, seier han.

Han legg til at etableringa vil vera prega av sesongvariablar, i og med at marknaden er sterkt knytt til hytteturisme i Kvitfjell.

Kommunen på si side vil legge alt til rette for at byggeplanbehandloinga skal gå så raskt som mogleg.

- Vi er førebudd på å kutte fristen på sju dagar for å få lagt fram dokumenta til planutvalsmøtet om ei og ei halv veke, seier Fossmo.
Møtet i utval for plan og teknisk er onsdag 15. mars.

Fossmo la også til at etableringa ikkje ville skjedd utan aktiv bistand frå Ringebu kommune, og vi ventar ein effekt i form av fleire etableringar i kjølvatnet av dette, seier han.

Ordføraren meiner også etableringa vil sørge for å binde saman sentrum i Fåvang, ved at etableringa skjer mellom det tradisjonelle sentrum og Coop og Kvitfjelltunet.

Planutvalsleiar Amund Sønsteli gjekk så langt som å kalle bygget eit signalbygg, som vil vise veg inn i sentrum langs den nye handlegata Stasjonsvegen.

- Det er klart ein kan spørre seg om det er plass til så mange daglegvareforretningar, men den beste vinn. Konkurranse er bra, og velkomne og luykke til, seier han.

Positivt for Fåvang

Leiar i Fåvang nærings- og velforening, Øyvind Myhrsveen, er også utelukkande positiv.

- Dette er ein gledeleg dag for Fåvang, veldig bra at nokon vil satse her. Når ein ser kor mykje folk det er i vestsida av Kvitfjell allereie nå, og med utviklinga som er venta, så må nok vegvesenet også til å bygge ny veg, seier han.

- Dette bekreftar at det vi har gjort i Ringebu med planlegging dei siste tretti åra har vore riktig, seier Arne Fossmo.

Investeringsselskapet Teksum og Stenumgård AS er eigd 50 prosent av Skarpsno AS, 25 prosent av André Stenumgård Holding AS og 25 prosent av Åge Stenumgård Holding AS. Kiwi blir leigetakar i bygget.

Ein avtale om felles parkeringsareal mellom Tromsvang og Kiwibygget vart også underteikna i dag.

Kiwi Fåvang